Fannaråken blåsekvintett er aktuelle med ei rekkje konsertar i Jotunheimen, der
Griegs musikk har ein sentral plass på programmet. Laurdag la dei ut på vandringa
som varer heilt til 26. juli, der dei konserterer på hytter i mellom anna Gjendesheim,
Glitterheim, Gjendebu, Fannaråkhytta og Turtagø. I dette intervjuet fortel oboist
Ingunn Lien meir om motivasjonen bak prosjektet.
Av Ida Habbestad
Dei fem utøvarane i Fannaråken Blåsekvintett; Steinar Døvle (fløyte), Ingunn
Lien (obo), Magnus Kvam (fagott), Inge H. Mortensen (horn) og Jan Inge Moksnes
(klarinett), studerer alle ved Norges musikkhøgskole, der dei er i ferd med å
avslutta ein mastergrad i kammermusikk. Konsertserien i Jotunheimen inngår i denne
mastergraden, og Lien fortel smilande om utfordingane både ved å skulla vurdera
og å gjennomføra ein slik konsert:
- Vi håpar på å få med oss nokre sensorar opp på fjellet – men vurderinga vert
nok basert på opptak, seier ho, og innrømmer at musikarane i tillegg til normal
øving også har førebudd seg ein del på den fysiske utfordringa som ligg framføre.
- Vi ligg i hardtrening, og har mellom anna gått tur til Tryvann med full sekk.
Sekkene vert tunge med store instrument, så me er jo spente på om helsa held!
3 veker i fjellet er ganske lenge, seier Lien.
Men, kvintetten har lagt inn pauser – både til kvile, og til øving.
- Me har pause når me kjem fram til ei hytte, og gjennomfører først konsert på
kvelden dagen etter, slik at vi kan oppretthalde eit visst musikalsk nivå, seier
Lien, som elles fortel at ho er spand på korleis instrumenta vil reagere på høgda.
Ut av huset - opp på fjellet
Korleis kom dei så på ideen om å arrangera konsertar i fjellheimen?
- Eg likar å gå i fjellet om sommaren, og tenkte: kvifor ikkje ha med instrument?
fortel Lien. - Dessutan er det er noko med å komme ut av huset (musikkhøgskolen,
red anm). Då er vi garanterte å få eit anna publikum enn vanleg, og kanskje treffa
folk som aldri har høyrt ein blåsekvintett før; i alle fall ikkje på fjellet!
Lien fortel om eit godt samarbeid med Den Norske Turistforening:
- Vi tok tidleg kontakt med turistforeninga for å høyre om dei ville vera med
på ideen. Dei sa ja til det, og til å hjelpe oss med kost og losji på alle hyttene
som tilhøyrer dei. Eg tykkjer det er sprekt gjort å gå med på det med ein gong,
og at dei tør å satse slik på andre ting enn dei vanlegvis gjer. Det hadde nok
ikkje gått an å gjort dette utan deira hjelp, seier Lien.
- Når samarbeidet var klart, tenkte vi på å kople det opp mot Grieg og Grieg-året.
Turistforeninga hadde ein tur som dei kalla ”I Griegs fotspor”, som passa med
våre fotspor.
Mot himmelen og Grieg Potpurri
For ein kjem ikkje utanom Grieg når ein skal spela i Jotunheimen, meiner utøvarane
i Fannaråken blåsekvintett, som har fått arrangert fleire av stykka hans for blåsekvintett.
I tillegg har dei utfordra medstudentar på musikkhøgskolen til å komponera musikk
med Grieg som utgangspunkt, med to nye verk som resultat: ”Mot himmelen” (etter
Grieg sin salme) av Klaus Sandvik, og ”Refleksjoner over Gjendines Bådnlåt” av
Martin Ødegaard. Kvintetten framfører dessutan ”Grieg Potpurri” av Øystein Sonstad
og ”Norsk dans nr 2” i Balkan-versjon, arrangert av Bjørn Andor Drage og Jan Inge
Moksne.
Det fullstendige konsert – og vandringsprogrammet er som følger (programmet vil
vera ulikt frå konsert til konsert):
Lørdag 7. juli: Konsert Gjendesheim.
Søndag 8. juli: Gjendesheim-glitterheim.
Mandag 9. juli: Konsert Glitterheim.
Tirsdag 10. juli: Glitterheim-Memurubu.
Onsdag 11. juli: Konsert Memurubu.
Torsdag 12. juli: Memurubu-Gjendebu.
Fredag 13. juli: Konsert Gjendebu.
Lørdag 14. juli: Gjendebu-Fondsbu.
Søndag 15. juli: Konsert Fondsbu-
Mandag 16. juli: Fondsbu-Skogadalsbøen.
Tirsdag 17. juli: Konsert Skogadalsbøen
Onsdag 18. juli: Skogadalsbøen-Fannaråkhytta.
Torsdag 19. juli: Konsert Fannaråkhytta.
Fredag 20. juli: Fannaråkhytta-Turtagrø.
Lørdag 21. juli: Konsert- Turtagrø.
Søndag 22. juli: Turtagrø-Stølsdalen.
Mandag 23. juli: Stølsdalen-Nørdstedalseter.
Tirsdag 24. juli: Konsert Nørdstedalseter.
Onsdag 25. juli: Nørdstedalseter-Sota seter.
Torsdag 26. juli: Konsert Sota seter.
|